Vilkåra gjeld for bestilling og bruk av abonnement på Bø blad. Som abonnent på Bø blad har du tilgang til alt innhald i elektronisk utgåve (eAvis) og nettavisa. Om du har valt et komplett abonnement vert papiravisa levert torsdag (unntak gjeld). Alle abonnentar har tilgang til det elektroniske arkivet vårt med aviser frå 1986 og fram til i dag.
Abonnementet vert betalt på forskot og held fram til me mottek oppseiing, og uansett ut den betalte perioden. Ved slutten av ein abonnementsperiode vil abonnementet automatisk verta lengt med ei lengd lik den førre.
Abonnementet skal betalast innan forfallsdatoen på fakturaen. Dersom betaling ikkje liggja føre innan forfallsdato, vil abonnementet bli stoppa og faktura for eventuell ubetalt periode vil bli sendt.
Abonnement kan når som helst seiast opp med verknad frå neste abonnementsperiode, men seinast innan 3 dagar før ny abonnementsperiode startar. Ved oppseiing gjeld abonnementet ut perioden du har betalt for, men vert ikkje fornya. Eventuelt attståande beløp vert ikkje refundert.
Du kan kjøpe abonnement på Bø blad på www.boblad.no ved å bruke Vipps, bankkort/kredittkort eller få tilsendt faktura. Ynskjer du faktura i posten, vert det lagt til eit gebyr på kr 50,- per faktura. Ved betaling med Avtalegiro, Vipps eller kort er det ingen gebyr. Ved Vipps eller kortbetaling vert kortet du registrerer, trekt for ein ny periode til du seier opp abonnementet hjå oss.
Bø blad tek atterhald om når som helst å endre abonnementsprisar. Dei nye prisane vert kunngjorde i avisa og på heimesida, seinast 14 dagar før iverksetjing. Dei nye prisane er gjeldande frå tidspunktet for neste betalingsperiode.
Levering av papiravis i Noreg er gratis. For levering av papiravis i utlandet kjem Posten sitt portotillegg.
Avtala leveringsstad for papiravisa må merkjast godt, slik at distributøren finn fram. Skal avisa fram til rett tid og leverast på rett stad, må abonnenten syta for tilfredsstillande lys og brøyting. Distribusjonen kan stoppast dersom tryggleiken ikkje er tilfredsstillande. I nokre område vert avisa distribuert av Posten saman med annan post. 7. juli 2020 reduserte Posten talet på leveringsdagar, og leveringsfrekvens vil variera ut frå dette. Sjekk kva dagar du har postlevering på posten.no. EAvis er tilgjengeleg frå midnatt.
Ved endring av leveringsadresse må Bø blad kontaktast seinast tre verkedagar før endringa skal tre i kraft. I feriar tilbyr me gratis flytting av avisa til leveringsstad i Noreg.
Den juridiske eigaren av abonnementet er han som har teikna det. Brukarnamn og passord til avisa sine digitale tenester må ikkje delast med andre enn medlemer av abonnenten sin husstand, som bur på same adresse. Dersom abonnenten deler brukarnamn og passord med andre, eller på annan måte misbrukar Bø blad sine tenester, har Bø blad rett til straks å stengja abonnenten sin tilgang til desse tenestene og stoppa avisleveringa utan refusjon av innbetalt abonnementsbetaling.
Som tingar av Bø blad har du tilgang til alt materiale, medrekna tekstar, artiklar, nyhende, foto og video, grafikk og anna som er publisert av Bø blad. Du kan lasta ned og/eller skriva ut ein enkel kopi av materialet berre til eige bruk. Avfotografering, nedlasting eller kopiering med tanke på gjenbruk er ikkje tillate.