Bø blad personvernerklæring
Denne personvernerklæringa fortel om korleis Bø blad samlar inn og brukar personopplysningar. Bø blad, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for verksemda si behandling av personopplysningar. Der det daglege ansvaret er delegert, kjem det fram under kvart enkelt punkt. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå våre nettstader (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis me behandlar personopplysningar (personopplysningsloven § 18 1. ledd).
Behandling av personopplysningar på boblad.no
Dagleg leiar har ansvaret for Bø blad si behandling av personopplysningar på boblad.no med tilhøyrande undersider. Det er frivillig for dei som besøker nettstaden å oppgi personopplysningar i samband med tenester, for eksempel å motta nyhetsbrev eller sende inn påmelding til arrangement. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.
Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettstad, blir lagra på eigne serverar som blir drifta i nettskya. Det er bare Bø blad og vår leverandør Appex som har tilgang til opplysningane som blir samla inn.
Nettstatistikk
Bø blad samlar inn avidentifiserte opplysningar om besøk på boblad.no. Formålet med dette er å utarbeide statistikk som me brukar til å forbetre og vidareutvikle informasjonstilbodet. Eksempel på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøker ulike sider, kor lenge besøket varer, kva for nettstader brukarane kjem frå og kva for nettlesarar som vert nytta.
Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert meinast at me ikkje kan spore opplysningane me samlar inn tilbake til den enkelte brukar.
Informasjonskapslar
Cookies – eller «informasjonskapslar» – er ein standard teknologi som stort sett alle nettstader nyttar i dag. Cookies er små tekstfiler som blir lagra på datamaskina di. Filene inneheld informasjon om for eksempel innstillingar du gjer på nettstaden, teknisk informasjon om eining du brukar, kva for sider på nettstaden vår du besøker, og korleis du navigerer mellom dei ulike sidene.
Følgjande informasjonskapslar blir brukt på boblad.no:
Bø blad brukar Google Analytics for å analysere bruken av nettsidene. Google Analytics brukar cookies. Informasjonen som blir generert av ein slik cookie ved bruk av boblad.no blir sendt til Google og lagra på serverar i USA. Google brukar denne informasjonen til å vurdere bruken av nettstaden, samanstille rapportar om aktiviteten på nettstaden, og for å yte andre tenester i tilknytning til aktivitetar på nettsida og bruk av Internett. Google kan også overføre denne informasjonen til tredjepartar dersom lova skulle kreve dette, eller i tilfelle der tredjepartar handterer informasjon på vegner av Google.
Bø blad lagrar informasjon om kva for søkeord du nyttar i søkeverktøyet på boblad.no. Formålet med lagringa er å gjere informasjonstilbodet vårt betre. Bruksmønsteret for søk blir lagra i Google Analytics.